Eit teppe til søstra mi |
Då eldste søstra mi fyllte 50 bestemte eg meg for å lage ein quilt som inneheldt nokre minner frå tidlegare år.
Dette er nok den vanlegaste motiveringa for å ville overføre bilder til stoff, og BJS 2000 synest eg er praktisk å bruke sidan stoffet er så lett å arbeide med etterpå. Eg fann nokre svart-kvite bilder frå barndom og ungdom, scanna dei og fiksa på dei på forskjellig måte før alle vart omgjort til blått-kvitt for å passe inn med fargane som eg hadde valgt ut for resten av teppet. |
|
Ho hadde nyleg flytta til Hammerfest, så eg tenkte nordlyset kunne vere eit passende tema for teppet.
Eg valgde ut passelege stoff, sydde saman til ei brei remse som vart kutta opp og arrangert på "bargello-måten" for å illudere nordlys. | |
Så sette eg inn bilda og la til striper i mørkare blått for å fylle flata.
Her er nokre av bilda i quilten. |